Jazz frå skogom

Event detaljer

  • fredag | 17. april 2015
  • 21:00 - 23:55
  • First Hotel Atlantica
  • 99044279

JAZZ FRÅ SKOGOM

Jazz fra skogom

Heidi Skjerve: song

John Pål Inderberg: barytonsaksofon

Vigleik Storaas: piano

Trygve Waldemar Fiske: kontrabass

“Det är norsk folktonsjazz när den är som allra finast” – Musikkmagasinet Lira

Jazz frå skogom er ein kvartett med musikarar frå øverste hylle, med erfaringar frå både folkemusikken og den internasjonale jazzscena. Med ein fot i jazzen og ein fot i dei Midtnorske folkemusikktradisjonane, kan dei presentere eit rikt musikalsk spenn frå sakrale salmar, via svingande slåttar og triste viser til Inderbergs dadaistiske og humoristiske krumspring.

Prosjektet “Jazz frå skogom” vart første gong presentert under Trondheim Jazzfestival i 2011, og sidan har dei spelt konsertar mellom anna på Olavsfestdagane, Dølajazz og Kongsbergjazz, og fått ei varm mottaking av publikum. Hausten 2012 gav dei ut det kristikarroste albumet “Vegen åt deg”:

“Inderlig! Sjelden har kombinasjonen norsk tradisjonsmusikk og jazz vært så vellykka som her.”  Terningkast 5 – Tor Hammerø, Nettavisen Side 2

“God forvaltning av arven. Vakre folketoner, enkelt og virkningsfullt framført av musikere fra øverste hylle” Terningkast 5  – Trygve Lundemo, Adresseavisen

“Hun utfordrer seg selv og sine læremestere ved å la folketoner og cooljazz gå opp i en høyere enhet.(…) Ja, faktisk staker Heidi Skjerve ut kurs og muligheter for en ny og særnorsk improvisasjonsmusikk.” – Erling Wicklund, NRK P2. “Ukens Anbefalinger” på NRK P2.

“Eit praktfullt album…” – Roald Helgheim, Dagsavisen

“Heidi Skjerve har fått utdelt en vakker stemme, som hun bruker med solid formidlingsevne. (…) Plata er en godt komponert helhet, som rommer deilig variasjon mellom det som svinger lekent og mer rolige, melankolske takter. “ – Marianne Lystrup, Vårt Land

“Dette er et album som bør være å finne i minst ett eksemplar under samtlige juletre i regionen dette året.” Terningkast 6  – Siv Storløkken, Opdalingen

“Sångerna som är mycket vackra framför Heidi Skjerve lysande bra. Hennes röst är klar och naturlig. Pianoackompanjemanget av Vigleik Storaas är föredömligt, liksom John Pål Inderbergs barytonsaxspel. Kontrabasisten Trygve Waldemar Fiske smälter välanpassat in i gänget.”

 –Orkester Journalen

Stemningsrapport frå nokre av konsertane:

“Begeistret publikum” – Adresseavisen, 29.12. 2012

“En stor og vakker opplevelse” – Avisa Sør-Trøndelag, 1.12. 2012

“Aktørene evnet å finne fram til det inste hos fornøyde lyttere” – Trønderavisa, november 2012

“Heidi Skjerve står fjellstøtt med en fot i jazzen og en i tradisjonsmusikken. (…) Det er musikere det er en fryd å høre på rett og slett. Konserten ble akkurat så bra som vi kunne vente; en god bukett folketoner, meningsfylte, nære og også humoristiske tekster, i utsøkt innpakning.” – Opdalingen 12.02. 2013

Utøvarane:

Heidi Skjerve er ei av stemmene i det improviserande vokalensemblet Trondheim Voices, som har samarbeida med ei rekkje norske komponistar, m.a. Maja Ratkje, Jon Balke, Elin Rosseland, Mats Gustafson og Ståle Storløkken. I 2014 medverka dei i den Heddaprisvinnande forestillinga “Hundre hemmeligheter” på Trøndelag teater og Riksscenen. Skjerve har har vore solist med folkemusikktrioen Flukt, Luftforsvarets Musikkorps, Trondheim Jazzorkseter, diverse storband og kor rundt om i landet.  Ho har tidlegare gjeve ut to kritikerroste album med sin eigen jazzkvintett på Curling Legs.

John Pål Inderberg har lang fartstid innanfor både jazz og folkemusikk, og har ved sida av musikerkarrieren hatt ein sentral rolle som professor ved jazzlinja ved NTNU. Han samarbeider både med norske og amerikanske musikarar, og har i løpet av ein lang karriere gjort konsertar og plateinnspelingar med blant anna Lee Konitz, Warne Marsh, Chet Baker, Bob Brookmeyer, Georg Riedel, Jan Erik Vold, Henning Sommero, Oline Bakkom, Espen Rud, Steinar Raknes og Trondheim Jazzorkester.

Vigleik Storaas er ein velrennomert pianist som har har medvirka på ei lang rekke CD-utgivelser med nasjonale og internasjonale storleikar, f.eks. Chet Baker, Warne Marsh og Niels-Henning Ørsted Pedersen. Han har mottatt Gammelengprisen og hans eigen trio har hausta Spellemannspris.

Trygve Waldemar Fiske har markert seg sterkt både på den norske og internasjonale jazzscena, mellom anna i Hanna Paulsberg Concept som ble kåret til Young Nordic Jazz Comets i 2011 og gav ut et kritikerrost debutalbum høsten 2012. Han spelar også med Ine Hoem, Odd Steinar Albigtsen Kvartett og Atle Nymo kvartett. Fiske mottok “Gnist” Mørestipend i 2011, og fekk Shells Jazzstipend under Moldejazz 2013.