WAYNE BRASEL GROUP

Event detaljer

  • lørdag | 4. november 2017
  • 14:00 - 15:30
  • Thon Hotel Aalesund
  • 99044279

Wayne Brasel group

Wayne Brasel (US)
er i frå California, men har dei siste 20 åra budd i Stavanger der han underviser jazz ved musikkonservatoriet på Bjerksted. Han har og tidlegare vore professor ved ´American Institute of music i Wien, samt gjesteprofessor ved musikkhøgskulen i Graz i Østerrike. Brasel starta si karriere som session-gitarist i Los Angeles-Usa der han spelte og turnerte med profilerte skikkelsar i popbransjen, inkludert opptredenar ved “JVC- Festival” i New York, New Orleans Jazzfestival, Playboy Jazzfestival, Hollywood Bowl, og tv-showet Saturday Night Live´. Han har spelt saman
med nokre av verdas fremste musikarar, som til dømes Mike Stern, Alex Acuna, Abe Laborial, Vinnie Caliuta, Justo Almaria, Kenneth Nash, Shiela Jordan, Brandon Fields, John Patitucci, Joe
Sample, Wilton Fielder, Tom Brechlein, Gary Willis, Peter Erksine, Rick Margitza, Joe Pass, Hal Crook, og Frank Gambale. I Noreg har Brasel turnert og spelt med musikarar som Per Mathiesen,
Olga Konkova, Tor Yttredal, Stein Inge Brækhus og mange fleire. Han har vore aktiv pådrivar for jazzscena i Stavanger og har stått bak arrangement ved det Røde Sjøhus og Funky Fridays i
Sandnes. Brasel har sju solide plateutgivelsar bak seg, og tek no sikte på å presentere eigne komposisjonar saman med eit handplukka nytt band med tanke på den norske klubb og
festivalmarknaden.

Jeff Boudreaux (US)
er opprinneleg i frå Los Angeles, men flytta til New Orleans i 1977 der han tok til å studere ved ´Loyola University College of music´. Det gjekk ikkje lenge før han gjorde profesjonell karriere som trommeslagar og han var på det meste opp i 400 spelejobbar i året! Han har spela med musikarar som Tony Bennet, Sammy Davis Jr., Branford Marsalis, Wynton Marsalis, Harry Connick Jr., Woody Herman, Kenny Wheeler, Randy Brecker, Sheila Jordan, Toots Thielemans, Benny Golson, Eddie Henderson, Lee Konitz, Kurt Elling, James Moody, Don Alias, Niels Lan Doky, Nicholas Payton, Mark Whitfield, Mose Allison, Astrid Gilberto, Cæcilie Norby, Lars Danielsson, Victoria Tolstoy og mange fleire. Boudreux har og vore mykje nytta som pedagog, til dømes ved The American Institute of music i Wien, Bruckner Conservatorium i Linz-Østerrike, og National Superior Conservatory of Music i Paris der han no jobbar. I tillegg har han hold masterclass i Frankrike, Østerike, Tyskland, Sveits, Scandinavia, Russland, Ungarn, Spainia, Italia, England, and Irland. Jeff Boudreux kan hørast på til dømes desse plateinnspelingane: James Drew and Rick Margitza”
Barrio Francais (1983); Timna Brauer and Eli Mieri: Mozart Anders (1992); Rick Margitza and Wayne Brasel: The Note You Left (1993); Caecilie Norby: My Corner of the Sky (1996); Niels Lan
Doky, Chris Minh Doky, John Scofield: Doky Brothers 2 (1998); Allen Hoist: Just Before Spring (1998); Niels Lan Doky and Lars Danielsson: Asian Sessions (1998); Francois Moutin and Niels
Lan Doky: I Love Paris (1999); Herve Sellin and Gilles Naturel: September Songs; Glenn Ferris: Chrominance (2000); Niels Lan Doky and Lars Danielsson: Spain (2002); Ronnie Patterson and
Michel Benita: Mississippi (2002). Filmmusikk: For komponist Alexander Desplat; “Passage a l’Acte” 1996, “Revenger’s Comedies” 1997, “Sur Mes Levres” 1999, “Reins d’un Jour” 2000, og “Train-Train” 2001. Boudreux har dei siste åra budd i Paris der han jobbar som musiker og pedagog. Han spelar no i Wayne Brasel group.

Norvald Dahl (f.1978)
er i frå Fosnavåg på Sunnmøre, og han er utdanna jazzpianist ved Rogaland Musikkonservatorium, og Jazzlinja ved NTNU i Trondheim. I tillegg har han studert under læremeistarar som David
Kikoski, Jonathan Kreisberg og Kevin Hays i New York. Han bur no i Oslo, men har dei siste 10 åra budd i Bergen, der han jobba som freelancemusikar, og han har leia ei rekkje musikalske prosjekt, av både nasjonal og internasjonal karakter. Han studerar no master i jazzpiano ved Norges Musikkhøyskole. I seinare tid har han turnert eller spelt saman med musikarar som Petter Wettre, Børre Dalhaug, KORK, Jonathan Kreisberg, Will Winson, Rick Rosato, Colin Stranhan, Jon Irabagon, Heinrich Von Kalnein, Line Horneland, Kevin Brady, Wayne Brasel, Jeff Boudreaux, Phil McDermott og mange fleire. Han ledar og sin eigen kvartett “Norvald Dahl trio med Jon Irabagon”, som har tre norgesturnear bak seg. Dahl har vore med på desse innspelingane:
“Horneland”- Line Horneland (Nordcd 2007), “That´s why”-SAB Quartet, “Whatever happens, dont ´be yourself”- Nils Are Drønen, “In a milky way”- Space Riders, “In the Bull´s house”- Norvald
Dahl trio med Jon Irabagon. Han spelar ellers i orkester som ´Spaceriders´, Phil McDermott´s ´Crossing Borders´, og Wayne Brasel Group, og har turnert både i Noreg, Polen/Ukraina, og Spania/Tenerife.

Jens Fossum
(Frå omtale ved Tor Hammerø)
“43 år unge Jens Fossum har, etter studier både på jazzlinja i Trondheim og på University of Miami, vært en sentral brikke i norsk jazz- og musikkliv. Han har i stor grad spilt ei altfor beskjeden rolle sammen med blant andre Sigurd Køhn, Trond Viggo Torgersen, Randi Tytingvåg, Hilde Louise Asbjørnsen og i gruppene Moment og Fossum-Aarum Quartet der han også spiller sammen med sin saksofonspillende bror, Håvard. I alle disse, og en rekke andre sammenhenher, har Fossum vist seg fram som en usedvanlig allsidig og virtuos bassist – det være seg både på den store fela og på elbass.”