Jazzkafe med Blue Horn Jazzband

Blue Horn Jazzband. Blue Horn Jazzband vart stifta i 1997 i Sykkylven der dei fleste musikarane framleis bur. Men trombonisten er frå Molde og trommeslagaren er frå Volda. Bandet har i utgangspunktet ei tradjazz-besetning med blåserekke; klarinett, trompet og trombone, – og kompgruppe med kontrabass, banjo/gitar og trommer. Bandet har og ei fast songarinne i tillegg til eigen mannleg vokalist. Musikarane har blanda bakgrunn frå så vel korps, dansemusikk, bebop, trubadur som gospel og storband. Sykkylven Storband oppstod allereie i 1968 og eksisterer i beste velgåande. Besetninga ber preg av dette og har etter kvart vorten både utfordra og utvida med repertoar og spelestil. Klubbrepertoaret går frå dixieland til swing og vakre balladar. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stoffet er i hovudsak henta frå tradjazz- og swingperiodens glanstid, 1920 -1940. Men bandet finn også å kunne spele stoff frå vår eiga tid. Frå starten har Blue Horn Jazzband også markert seg med eit godt kyrkjerepertoar som spenner frå New Orleans til norske salmar. Repertoar og eigne arrangement har fått svært gode omtalar. I 2010 hadde bandet ein kyrkjekonsertturne med den amerikanske vokalisten Marilyn Keller i tillegg til Margrethe Velle Ødegård. Resultatet vart ein CD innspela live på ein av konsertane. Marilyn har seinare gjesta bandet i 2012, m.a. i Molde domkyrkje i ei radio-overført gudsteneste. Og med festivalspeling i 2015. Bandet vert sagt å vere prega av godt samspel og gode solistar som kjem lett i kontakt med publikum. Bandet har gitt ut 4 CD-ar. Lokalisering og folk i faste jobbar gjer at det vert mest speling i nærområdet, og bandet vert ofte brukt når større ting skal feirast, bandet omtalar seg derfor gjerne som eit bruksband. Men Blue Horn Jazzband har også vore på turnear og har delteke på mange festivalar i Sverige, Danmark og Norge. Ja, også på elvecruise på Nilen! Blue Horn Jazzband kan spele med ulik besetning, men det faste oppsett er:
Halstein Kurseth (gitar, banjo, song) Sveinung Utgård (kontrabass) Stein Lied (trommer, song) Arnfinn Grebstad (klarinett, altsax, fløyte) Bjørn Frantzen (trombone) Jan Lade (trompet, flygelhorn) Margrethe Velle Ødegård (song).