Jazzkafe med Isiazz

Isiazz kan høyrast ut som ein litt lei sjukdom, men no er det også namnet på eit jazzband frå Volda. Om namnet er litt framand treng kanskje ikkje musikarane vere det; Dei er, og har vore lenge, sentrale i jazzmiljøet i Volda. Dette er bakmenn som no får dele på frontmann-oppgåvene. Stein Lied på trommer og vokal, John Inge Leira Bjøringsøy på piano, Svein Hunnes på bass og Per Arne Brandal på gitar. Repertoaret er samansett av swing-klassikarar frå ulike gyldne jazz-perioder; Her får du musikk av Duke Ellington, Ray Charles, John Scofield og Ron Carter.
ISIAZZ består av:
Svein Hunnes – bass
Stein Lied – trommer/vokal
John Inge Leira Bjøringsøy – piano
Per Arne Brandal – gitar