Skarbø Skulekorps er på korpstur, og endelig går turen til Ålesund! Etter fem år, med tre kritikerroste album, opptreden i gullrekka på NRK, og tallause konsertar, er korpset meir samspelt enn nokon gong. Den siste plata, Innesko, kom i april 2023 og var like eklektisk og sprudlande som dei to førregåande. "Et overskuddsprosjekt av de sjeldne," skreiv Dagavisen. 60-tals jazz med 80-tals synth? Samtidsmusikk med steelgitar og banjo? Ja takk!
Mari Kvien Brunvoll: vokal, elektronikk
Eirik Hegdal: C Melody sax, klarinett, synth
Erik Johannessen: trombone, elektronikk
Stian Omenås: trompet, synth, perkusjon
Ivar Grydeland: pedal steel, gitar
TBA: bass, synth
Øyvind Skarbø: trommer
Hans-Olav Molde: lyd
Sundesthesia
Sund Jazzlinje på turne! Kvart skuleår dreg jazzlinja på Sund folkehøyskole på turne med eigenskrivne låtar, og no er det årets kull. Vi er “Sundesthesia” som tek utgangspunkt i synestesi som er korleis fargar vert kobla til lyd i hjerna. Sundesthesia ønskar å gi publikum ei heilheitleg oppleving som vil huskast. Musikken kan samanliknast med fargerike maleri, store kontrastar, fleire lag og detaljar. Med eit så stort musikalsk maleri laga av 22 musikarar er det vanskeleg å ikkje bli rive med. Med 21 musikarar i bandet blir det mange ulike inspirasjonar og fargeutrykk i låtane, det blir store kontrastar, heftige grooves, deilige blåsearrangement, og fargerike soloar.
Vokal: Gunhild Gjøsund Kleppen Vokal: Ingeborg Skrede Vokal: Øygunn Hauffen Fløyte: Jenny Vik Trompet: Maren Skjong Trompet: Móeidur Loftsdóttir Trompet: Zacharias Ellingsen Trombone: Kristian Egge Jordheim Alt sax: Simon Vestli Bariton sax: Jostein Graff Gitar: Leo Aske-Nannestad Gitar: Ole-Hellik Lobben-Seth Tangenter/Trekkspill: Daniel Petterson Utvær Tangenter/Pianobar: Nikolai Hansli Kontrabass: Ask Hansen Viste Kontrabass: Håvard Hausberg Kontrabass: Runa Kirby Torbo Elbass: Per Norendal Trommer: Embla Bang Frantzen Trommer: Espen O’Connell Trommer: Ib Hilden Trommer: Mikkel Nordtveit